Samandrag

I denne presentasjonen viser eg noko av det eg arbeider med i dag, og eit utdrag av det eg har gjort sidan eg var ferdig på Statens kunstakademi i 1986.

Dette er sett saman i tidsperiodar og serier. Enkelte av desse periodane overlappar kvarandre og viser såleis ikkje ei tidslinje.

ALTAR er ein serie frå 1987 til omkring 2000. I denne perioden har eg bruk rommotivet og forholdet mellom rommet og innhaldet. Eg kjem også inn på mitt eige arbeidsrom som vist i "Stol" frå 1987.
Denne tilnærminga har eg også brukt vidare i som i serien KOBOLT, der det har endra seg mot eit friare og meir abstrakt uttrykk.
Eg har brukt motiva og uttrykksmåten i ei rekkje separatutstillingar mellom anna i Galleri Langegården og Galleri Heer.

I ANDROMEDA er motivet og tanken bak av meir symbols karakter med titlar som kan assosierast med historiske og geografiske namn.

CYMBAL er ein serie med spontane og meir tilfeldige resultat. Ein prosess som eg har hatt stor glede av. Cymbal er eit musikkinstrument og det vonar eg også har påverka resultatet.
Bilder frå Andromeda og Cymbal har vore med på utstillingar i Oslo Kunstforening - 2003 og Sogn og Fjordane Kunstmuseum i 2004.

Frå 1990 deltok eg også på ei rekkje kunstprosjekt knytta til utvalde stader og område, landskap og arkitekur og der dette la grunnlag og ide for det som skulle finne stad.
"i" frå 1990 var ein slik stad - eit avvikla slakteri der eg og to andre kunstnarar fikk våre rom til å arbeide i.
"PRESENT" og "OVERGANG" - 1993 og 1997 - var internasjonale fellesprosjekt med 10-15 deltakarar i kvart. Present var ein del av OL-94 sitt kulturprogram. Prosjektet var lagt til Mårådalen i Skjåk med presentasjon av arbeida i Lillehammer Kunstmuseum etterpå.
Overgang fann stad i fjellområdet Raudalen mellom Oppland og Sogn og Fjordane.
I 14 dagar gjekk deltakarane inn i dette landskapet med forskjellige arbeid og tilnærmingar til det.
"ZOOART", 1994, gjekk for seg i ein zoologisk hage i sentrum av Poznan, Polen.
"TAIVALKOSKI WORKSHOP", 1996, i tettstaden Tailvalkoski, nord i Finland.
I tillegg ei rekkje andre tilsvarande prosjekt som det framgår av vitaliste.

Siste 5 åra har eg prøvd å gå inn i naturen eg kjem frå - eg ønskjer å finne fram til motiv og uttrykk som eg kjenner - stader med karakter, former, overflate og spor av historie. Deler av dette tek eg opp i serien TOME - NAPEN - GLÆRA og AKURA. (2013 - 2015).
Dette er namn på slike stader og fenomen.

TOME er ein nordvendt vertikal fjellvegg som ligg inn mot Jostedalsbreen. Omlag tre kilometer lang og 1600 meter høg. Grunnen til namnet "Tome" er at fjellsida er utan vegetasjon. Det spesielle ved dette landskapet er ei brestripe som ligg på toppen av fjellveggen. Den har same tjukkleik langsetter, skarpt avgrensa og i flukt med kanten på veggen. Frå tidlegare hugsa eg den som ganske høg , 20 - 30 meter - vanskeleg å vurdere då den ligg 1600 meter oppe - men no er den tynnare, og den har smelta jamt, men den står fram med same stripeuttrykket.
På sin måte er det eit mål på endringa i klima og nedsmelting av breen.
I denne serien har eg vist landskapet i "vidvinkel", med sirkelformatet som linsa eller auga.

NAPEN er ein rygg skapt av møtet mellom to breelvar som har gravd deg ned på kvar side før dei samla seg til eitt.
Det er eit "ikkjelandskap". Han er like usjåeleg og underordna som uttalen på namnet - på eit vis. Skredskogen gjer han utilgjengeleg frå alle sider.
Kvart vinter blir han slegen flat av Napefonna som kneiser truande i søraust.
Eg har sympati med Napen.

I ei blank fjellside ligg GLÆRA. Glæra er hogd inn i fjellet og dannar ei rås, knapt to meter brei og ein kilometer lang. På eine sida eit stup som endar i eit elvejuv 500 meter lenger nede. Over, på den andre, heng fjellformer utover. Vegetasjoner er sparsom, forvridde snar og stilkar. Her er ein heilt innpå. Når det legg seg rim, gjev det vakre grafiske uttrykk. Her valgde eg og det runde formatet med nærlinsa og detaljar.

AKURA er ei lavine.
Ho strekkjer seg frå ein bre 1750 m over havet. Når ho kjem frå denne breen smalnar ho seg etterkvart og går inn i eit skar omlag 1000 m over dalbotnen der ho blir pressa saman med kraftig trykk og fart. Deretter går ho over i fritt fall. Dette skapar ein kraftig fonnvind som fyller landskapromet med kvit kvervlande masse.
Sjølve skredmassen strekkjer seg ut over markene som fingrar.
Ho er eit snøskred, men ikkje berre det. Ho skrapar med seg jord og vegetasjon som ligg igjen etter ho har smelta. Varme og fuktigheit utover sommaren er med på å skape ein sjeldan og rik biotop. Det er eit attraktivt område for alskens dyrearter.
Spor etter menneske er det også her.Gravhaugar og steinstøtter viser dette.
Dette har truleg vore i eit varmare klima då Akura ikkje gjekk.

Akura som motiv og "studieobjekt" har eg brukt i tidlegare prosjekt.
Denne serien er frå 2013.
Eg arbeider no med utsnitt av desse motiva i målestokk 1:1 - billedfata er i same storleik som "motivet". Ei "omramming" av flata for å sjå kva som fins innanfor denne.
Ei slags arkeologisk tilnærming til motivet.

Jan Egge